Erlend Berge

Foto: Erlend Berge. Fra serien ««Kjære alle saman»

Med prosjektet «Kjære alle saman» undersøker festivalutstiller Erlend Berge hvordan det står til med det frie ordet. Hva er ståa for demokratiet?Hva forteller talerstolen når festen er over og ståket har lagt seg?

Kjensla av at noko er i ferd med å gå tapt sendte fotograf Erlend Berge ut på ei reise gjennom Noreg på jakt etter «det store oss» og «det vesle me». Kven var me eigentleg? Kor var me på veg? Kvar er me eigentleg no?

I seks år har Erlend Berge fotografert talarsto lar og rom i den norske offentlege samtalen. Trontalen, Kongens nyttårstale, første skule- dag, nedlagde rådhus, innspelingsrommet til podkasten «Sophie & Fetisha», bortgøymde talarstolar og 17-mai-pynta ungdomshus. Bileta dokumenterer dei store folkebevegelsane som forma og framleis former Noreg.

I kommentarfelta er det ein avstand mellom oss. Frå talerstolen er me samla i same rom og ser kvarandre i auga. Det er ingen men- neske i bileta i prosjektet «Kjære alle saman», men det er spor av menneskelege draumar og store ord. Kjensla av at noko vedunderleg skal skje, at det må skje. At noko må seiast. At dører skal opna seg og talen skal springa ut; Kjære alle saman!

Utstillingen finner du utendørs, plass 43.

Program
Artist talk med Erlend Berge
søndag 27. oktober kl 13:00

Omvisning i festivalutstillingene hver dag kl 12:00

Med fotoboka «Sjå, eg kjem snart!» i 2018 fortalde Erlend Berge historia om bedehusa og ei landsdekkande rørsle som var i ferd med å forsvinna. Prosjektet vann Open klasse i Årets bilete, antatt Haustutstillinga og utstilt over heile landet på galleri og i byrom. Ei utandørsutstilling vart i 2019 og 2020 satt opp ved mellom anna Dokfestivalen i Fredrikstad, Dokumentarfestivalen i Trondheim, Nordic Light i Kristiansund, Bergen Kirkeautunnale, Oslo domkyrkje og Stavanger domkyrkje. Separatutstilling med bilete frå boka blei utstilt i mellom anna Fotografiens hus i Oslo, Bomuldsfabriken i Arendal, Perspektivet museum i Tromsø og Haugesund billedgalleri. Erlend Berge vaks opp på Heia i Strand kommune og er i dag busett i Oslo. Han jobbar som fotojournalist i avisa Vårt Land. 

www.erlendberge.no

Forrige
Forrige

Elin Berge

Neste
Neste

Eckbos legat